Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Slottet frå 1665

Slottet frå 1665

Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665. Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar frå 1665 til slik dei siste eigarane forlet det i 1927. Les meir
Rosendal Have

Rosendal Have

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med 300 år gamal renessansehage med eit vell av roser, romantisk landskapspark frå 1850- åra, og Kjøken & Urtehage med urter, blomar, grønsaker, frukt og bær. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300 år med hagehistorie! Les meir

Kunstutstilling 2018

Som ein del av konseptet til Rosendal Kammermusikkfestival kuraterer professor Gunnar Danbolt ei todelt utstilling som tek føre seg reaksjonar på første verdskrig i målarkunsten, og ei eiga utstilling med måleri av Håkon Bleken (f. 1929). Saman vil desse utstillingane verta eit akkompagnement til den musikken som skal framførast, eit akkompagnement som vonleg vil fremja refleksjon og fordjuping.

Les meir

Overnatting

Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars middag i sesongen på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (husk å bestilla bord). Enkel, men komfortabel overnattingsstad med 24 rom og 40 senger fordelt på Rosendal Avlsgård og Fruehuset. Velkommen!

Les meir

Restaurantar

Baroniet Rosendal byr på alt frå kaffi og kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til tre eller femretters gourmet middag i Den Blå Sal. Råvarer frå kjøkken- og urtehagen i Rosendal Have.

Les meir

Fjordcruise

Fjordcruisepakke med båt frå Bergen og Os til Rosendal. Her får du gode grupperabattar på både båtturen t/r, entré med omvising og varm 2-rettars lunsj i Rosendal Drivhus. Entré Rosendal Have og kunstutstilling. Turen kan lett utvidast med overnatting: returbilletten er gyldig i 14 dagar!

Les meir

Kulturprogram 2018

Gåvekort og årskort

01.05.18 - 09.09.18, Baroniet Rosendal

Gåvekort med valfri dato heile sesongen 2018
- Årskort for sesongen 2018: enkeltperson eller familiekort: nesten halv pris fram til nyttår!
- Konsertbillettar til kulturprogrammet på Baroniet Rosendal.
- 3-rettars middag på Gård & Fruehus
- Overnatting med frukost på Gård & Fruehus.

The Festival Players from England: The Winter´s Tale

13.07.18 kl. 19.00 og 14. juli kl. 13.30., Borggården

Written by Shakespeare in his later years, The Winter’s Tale is an intriguing mix of drama and comedy.
Sparked by an obsessive envy of a perceived relationship between his Queen and his oldest friend, Leontes, King of Sicilia, sets in motion a train of events which affect two kingdoms and two generations; there is jealousy and joy, revenge and romance, loss and discovery, remorse and revelry, and an amazing revelation.

Bjørn Eidsvåg med band

17.07.18 kl. 19.00, 18. og 19. juli kl. 17.00 og 19.30, Borggården

Konsert Borggården på Slottet frå 1665:
17. juli kl. 19.00
18. juli kl. 17.00 og 19.30
19. juli kl. 17.00 og 19.30

Kari Bremnes med band

24.07.18 kl. 19.00 og 25. juli kl. 19.30, Riddersalen

Konsert i Riddersalen på Rosendal Avlsgård:
24. juli kl. 19.00
25. juli kl. 19.30

Susanne Sundfør, song/klaver

31.07.18 kl. 19.00 og 1. august kl. 19.30, Riddersalen

Solokonsert i Riddersalen på Rosendal Avlsgård:
31. juli kl. 19.00
1. august kl. 19.30

Rosendal Kammermusikkfestival

Rosendal Kammermusikkfestival

«I skyggen av en krig (1914-1918)» – Rosendal Kammermusikkfestival 2018

Da han introduserte årets program, sa Leif Ove Andsnes blant annet at «første del av det 20. århundre var en ekstraordinær periode i musikkhistorien, der det oppsto et enormt mangfold av nye musikkstiler. I fire dager skal Rosendal Kammermusikkfestival sette søkelyset på årene 1914 – 1918, og utforske en gripende og mangslungen musikalsk arv, verker komponistene skrev enten som en reaksjon på eller til tross for krigen som raste rundt dem.»

Rosendal Kammermusikkfestival arrangeres i samarbeid med stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Les meir

Del dine opplevingar

Tusen takk for besøket i Rosendal. Del gjerne gode minne på Facebook og Instagram: #baroniet. Dersom det er noko du meinar vi bør forbetra oss på, set vi pris på om du kan tipsa med oss på epost [email protected].

Tusen takk for din omtale på Trip Advisor