Gulatinget - Tusenårstad for Sogn og Fjordane og Gulen kommune   Søk

 

 

Informasjonskontor: 
Gulen kommune, 5966 Eivindvik
Tlf. 57782006  |  Fax. 57782099
gulatinget@gulen.kommune.no


Logg inn    Gasta design & kommunikasjon

Frå allting til lagting

 I byrjinga var Gulatinget eit allting, der "alle frie våpenføre menn" hadde rett til å møte. Det eldste lovområdet til Gulatinget - Gulatingslag - omfatta det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette var det eldste maktområdet til kong Harald Hårfagre. Han la også under seg det sørlegare Vestlandet, og det var truleg sonen Håkon den gode (935-961) som la Rogaland og Agder til Gulatingslag. Seinare kom også Sunnmøre til, og til slutt Valdres, Hallingdal og Setesdal. Utvidinga av Gulatinget sitt lovområde førte med seg ei omdanning frå allting til lagting. Kvart fylke peika ut sine lagmenn - eit visst tal menn som skulle representere sitt distrikt. Dermed vart representasjonsprinsippet i det norske styresettet etablert.

 

Samstundes med Gulatinget utvikla det seg tilsvarande tingområde i andre delar av landet. Det var Frostatingsområdet for Midt-Noreg og Eidsivatings- og Borgartingsområdet på Austlandet. Slik sett hadde det norske kongeriket fire lovbøker, men mange av paragrafane var dei same eller svært like. Magnus Håkonsson (Lagabøte), som var konge frå 1263-80, fekk skrive saman desse lovene i ei lovbok, og det blei den første samla lova for heile riket (1274). Men dei fire lovområda - eller lagdøma - heldt fram med sitt indre sjølvstyre.